Dette er eit samtykkeskjema som gjeld barn/ungdom/vaksne som deltek på Ålesund bibliotek sitt prosjekt, “Lån ein studiovert”. For å kunne lagre og distribuere innhald til brukaren, må vi behandle nokre personopplysningar, og derfor innhentar vi samtykke.
Om det mellombelse prosjektet:
Barn og unge kan ta opptak enten med lyd eller video og få opptaket. Det er også mogleg med foto. Opptaket vil bli sendt til deltakarane.
Kommunen sitt ansvar er å bistå med gjennomføring av opptak/foto, og distribuere dette til personen som er med på opptaket på e-post. Kommunen vil deretter KUN lagre opptaket i eit år før det slettast.
Ved å samtykke så godtek du at kommunen lagrar opptaket/foto av deg/ditt barn i inntil eit år. Lagringa skjer på kommunal infrastruktur utan tilgang for andre.
Om samtykke:
Det er frivillig å gi samtykke eller opplysningar, og du kan når som helst trekke tilbake samtykket ved å kontakte biblioteket skriftleg eller munnleg. Barnet/ungdommen kan trekke tilbake sitt samtykke sjølv om den føresette opphavleg har samtykka til behandlinga. Opplysningane skal alltid slettast når eit samtykke blir trekt tilbake. Kommunen har rutine for lagring og sletting av bilde, lyd og film.