Her kan du søke om helse- og omsorgstenester.
Tildeling
Tenesta tildelast etter ei fagleg vurdering. Vi har teieplikt og behandlar alle søknadar og personlege opplysningar konfidensielt.
Korleis vi jobbar
Vi tek kontakt med deg når vi mottek ein søknad. Når du har behov for tenester, vil vi i samarbeid med deg finne ut kva hjelpetilbod du treng. I nokre tilfelle kjem vi heim til deg for å finne dei beste løysingane. Vi kan hjelpe deg med å skrive søknaden. Men du er ansvarleg for å gi oss dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden din. Dette inkluderar søknadar der legevurdering er nødvendig. Oppdaterte legeopplysningar forenklar saksbehandlingsprosessen vår og gir deg raskare svar. Be derfor din lege eller spesialisthelsetenesta sende oss dei opplysningane vi treng for å kunne hjelpe deg.
Eigenandel
Fleire av våre tenester må du betale for. Ei oversikt over desse tenestene finn du på vår nettside.
Du kan klage
Du kan klage på alle vedtak. Vi er behjelpelege med å utforme klagen din. Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda våre.
Relevant lovverk
Helse- og omsorgstjenesteloven. Pasient- og brukerrettighetsloven, Lov om Helsepersonell.
Utfyllande informasjon
Sjå nettsida til Ålesund kommune for utfyllande informasjon om helse- og omsorgstenester
Kontaktinformasjon
Ålesund kommune
Koordinering og tildeling
Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
For direkte kontakt, ring oss på tlf. 70 16 22 00 eller send oss ein e-post.