Her kan du søke om skjenkebevilling for ei enkelt anledning for eit lukka selskap/arrangement, som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma.
Arrangementet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den som inviterer til arrangementet.
Arrangement som ikkje oppfyller lovas krav til lukka selskap, er for eksempel:
- Vanlege medlemsmøter i ei foreining
- Samankomstar for idrettslag, klubbar, organisasjonar o.l.
- Studentfestar, russearrangement
- Kundekveldar, mat- og vin-kurs, kunstutstillingar, VIP-arrangement
- Arrangement som har begrensa tilgang, men kor det ikkje er nødvendig tilknyting til den/dei som inviterar
Ønsker du å søke om skjenkebevilling for eit ope arrangement (for eksempel konsert, studentveke eller samankomstar for idrettslag) må du gå til skjema for skjenkebevilling for ope arrangement (alesund.kommune.no).