Om søknadsprosessen
Etter Lov om barnehagar er kommunen lokal barnehagemyndigheit og behandlar søknadane. Søknad om dispensasjon fremmast av barnehagen sin eigar. Vedtak sendast til barnehagen sin eigar/styrar.
Søknadsskjema fyllast ut av eigar/styrar i barnehagen.
Søknadsfrist
Søknadar sendast fortløpande når eigar ikkje har fått tilsett pedagogisk personale i pedagog- og styrarstillingar.
Vedlegg
Søknaden skal behandlast i barnehagens samarbeidsutval, og eigar skal dokumentere at stillinga har blitt offentleg utlyst og på kva måte. Følgjande vedlegg skal leggast ved:
- Uttale frå styrar
- Referat frå møte i barnehagen sitt samarbeidsutval
- Kopi av utlysningstekst
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har fatta vedtaket. I klagen skal du angi kva du ønsker endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen sendast dit, skal den instansen i kommunen som fattet vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.