Generelt
TT-ordninga er ei ikkje lovfesta rett om drosjetransport til innbyggjarar i Møre og Romsdal, som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk nedsett funksjonsevne og difor ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. TT-ordninga vert regulert av Retningslinjer for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne Møre og Romsdal, vedteke av fylkestinget i sak T 0046-23, den 19.6.2023. Ordninga er meint som eit tilskot til fritidsreiser og andre reiser, som ikkje vert dekka av statlege eller kommunale ordningar, for personar som har varig forflyttingshemming.
Kva kan du få?
Med TT-ordninga kan du få eit tilskot som kan nyttast til transport i valfri drosje. Du får tilsendt eit elektronisk TT-kort som du bruker for å betale drosjeturen. Korta vert automatisk fylt på med eit tilskot to gonger per år – den 1. januar og den 1. juli. Vedtak om godkjenning som TT-brukar vert gjeve for ei periode på 2 år frå dato på vedtaket. For brukarar som har større funksjonsnedsetjing vert det gjeve godkjenning på 5 år frå dato på vedtaket. Det er avsett avgrensa midlar til TT-ordninga og du kan ikkje søkje om ekstra midlar.
Eigendel
Brukar betaler ein eigendel for kvar TT-tur. Eigendelen kan ikkje kan betalast med TT-kortet. Storleiken på eigendelen vert fastsett av Fylkestinget.
Krav til deg som søkjer
Vilkår for å bli godkjent som TT-brukar
a) Søkaren må ha ei funksjonsnedsetjing som må vere varig eller vare lenger enn 2 år
b) Søkaren må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal
c) Søkaren må, på bakgrunn av funksjonsnedsetjinga, vere ute av stand til å nytte offentleg transportmiddel.
d) Funksjonsnedsetting etter bokstav c) er til dømes personar med livslang forflyttingshemming (orienteringsvanskar, rørslevanskar-/flyttingsvanskar og skjulte funksjonsvanskar), rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte (sjå WHO sin definisjon på blind/sterkt svaksynt).
e) Nedre aldersgrense for brukargodkjenning til TT-ordninga er 10 år.
Søkjarar som unntaksvis kan bli godkjende som TT-brukarar
a) Søkjar i heildøgns omsorg/institusjon, som elles fyllar vilkåra for godkjenning som TT-brukar, kan godkjennast på individuelt grunnlag om søkjar etter søknad kan dokumentere eit behov for reisestøtte til fritidsreiser, etter vilkåra i punkt 2.1 i retningslinjene.
b) Søkjar som har eigen bil frå NAV, grunnstønad til transport eller bilstønad etter folketrygdlova eller privat bil kan godkjennast på individuelt grunnlag om søkjar etter søknad dokumenterer eit behov for reisestøttebeløp utover det å ha eigen bil, grunnstønad eller bilstønad etter vilkåra i punkt 2.1 i punkt 2.1 i retningslinjene.
TT-ordninga dekkjer ikkje reiser som vert dekt av andre tilskotsordningar, til dømes
- Reise til og frå lege/sjukehus eller anna behandlingstilbod. Kontakt Pasientreiser på tlf. 915 05 515.
- Reiser som vert betalt av NAV
- Andre reiser betalt av det offentlege
- Eigedel til reiser kan ikkje betalast med TT-kort
Du sender søknad til Ålesund kommune på dette søknadsskjemaet
1. Eigenerklæring fyllast ut av søkar
2. Legeerklæring fyllast ut av lege
Meir informasjon om TT-ordninga og vilkår?
Kontakt Ålesund kommune, eller les om TT-ordninga på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune (mrfylke.no)