Som lokal barnehagemynde skal kommunen rettleie og sørgje for at alle barnehagane i Ålesund blir driven i samsvar med gjeldande regelverk (jfr. barnehageloven § 10).
Lova pålegg kommunen å føre tilsyn med barnehagane i kommunen (jfr. barnehageloven § 53 om tilsyn med barnehagane), og kommunen kan påleggje barnehagane å rette uforsvarlege eller ulovlege forhold.
Samfunnsmandatet til barnehagen er regulert gjennom Lov om barnehagar (barnehageloven) med forskrifter. Forskrift om Rammeplan for barnehagen fastset utfyllande føresegner om innhald og oppgåvene til barnehagen.
Kva kan du gjere før du sender inn klage? Du bør som hovudregel ta opp bekymringa eller klaga med pedagogisk leiar eller styrer, før du eventuelt sender ho til barnehagemynde. Å løyse ei sak på lågast mogleg nivå er formålstenleg for alle involverte partar. Du kan også ta opp generelle problemstillingar i samarbeidsutvalet til barnehagen (SU). Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du kontakte barnehagemynde.