Gjennom dette skjemaet bestiller du oppstartsmøte med planavdelinga i Ålesund kommune.
For at vi skal kunne ta kontakt med deg, ber vi deg fylle ut følgande opplysningar:
- Informasjon om forslagsstillar, plankonsulent, andre møtedeltakarar, fakturaadresse
- Opplysningar om plantype, planområde, intensjon med planen, ønskt formål
- Spørsmål som forslagsstillar ønsker avklart
Saman med bestilling av oppstartsmøte skal du sende inn eit planinitiativ, jf. § 1 i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven av 01.01.2018 (lovdata.no)
Sjå eigen mal for planinitiativ på vår nettside som er utarbeidd for å dekke krava i forskrifta.
Formålet med planinitiativ og oppstartsmøte er å legge til rette for ein effektiv og føreseieleg planprosess, og avklare viktige føresetnadar for planarbeidet så tidleg som mogleg.
Oppstartmøte bør primært vere fysisk for å sikre god dialog og nyttige diskusjonar. Ved behov kan enkelte deltakarar delta ved Teams, min. 1 representant frå plankonsulent skal vere fysisk til stede.