Søk om løyve til utplassering av elsparkesyklar i Ålesund kommune fra 1. mai 2025 - 31. desember 2025.
Vi ber søkarane sette seg inn i vilkåra for løyveordninga og forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn, Ålesund kommune, Møre og Romsdal, vedtatt i Ålesund kommunestyre 16.06.2022.
Sjå lokal forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn (lovdata.no)
Søknaden skal sendast inn gjennom Ålesund kommune sitt digitale søknadsskjema seinast 4. april 2025. Etter utløpet av søknadsfristen skal all kommunikasjon mellom søkarane og Ålesund kommune skje skriftleg via e-post: alesund.postmottak@alesund.kommune.no
Søknadane vil i utgangspunktet bli vurdert på grunnlag av den dokumentasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Kommunen vil kunne be søkar ettersende, supplere, avklare eller utfylle opplysingar og dokumentasjon etter ein kort tilleggsfrist dersom opplysingane eller dokumentasjonen synast å innehalde feil, uklarheiter eller dersom bestemte opplysingar eller dokument manglar.
Av omsyn til likebehandlingsprinsippet skal ei ettersending, supplering, avklaring eller utfylling ikkje føre til at søknaden forbetrast.
Alle som har søkt om å få løyve vil få informasjon om tildeling eller avslag på søknad om løyve, inkludert kven som har fått løyve. I tillegg vil dei som har fått løyve bli offentleggjort på Ålesund kommune sine nettsider.
Sjå meir informasjon om ordninga på nettsida til Ålesund kommune.