Dette skjemaet brukar du dersom du skal ta etablerarprøve eller kunnskapsprøve på Steinshamn.
Dersom du ønsker å ta prøva i Ålesund sentrum, må du reservere tid på nettsida til kommunen. (alesund.kommune.no).
Etablerarprøve
Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og serverer mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøve.
Kunnskapsprøve
Det er to typar kunnskapsprøver, ei for salsbevilling i butikk og ei for skjenkebevilling på restaurant/bar/pub.
Kontrollørar
Kravet om å ha bestått kunnskapsprøva for kontrollørar gjeld frå 1.1.2016 (overgangsordning ut juni 2016) og kommunen er ansvarleg for å halde prøva.
Les meir om informasjon og læremateriell (vinn.no).
Det kostar 400 kr pr. prøve. Påmeldinga er bindande. Eventuell avbestilling av prøve må gjerast seinast dagen før. Gjer oppmerksam på at du også blir fakturert om du ikkje møter til avtalt tid. Dersom prøva ikkje er bestått, er det mogleg å ta den på nytt - det må då bestillast nytt tidspunkt.