Regelverk
Frisørar, hudpleiarar, tatoverings- og piercingverksemder må oppfylle krava i Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet mv. (lovdata.no). Forskrifta skal sikre tilfredsstillande hygiene og førebygge overføring av smittsame sjukdommar.
Ønsker du å starte, overta eller endre frisør-, hudpleie, tatoverings- eller holtakingsverksemd, må du enten søke kommunen om godkjenning eller sende inn meldeskjema.
Desse verksemdene er meldepliktige
Frisør- og hudpleieverksemd mv. skal gi melding til kommunen før oppstart, ved større endringar av lokala, og ved eigarskifte / nedlegging av verksemd.
Meldeplikta gjeld:
Frisør- og barbersalongar, ulike typar hud-, fot- og neglepleiesalongar inkludert massasje/aromaterapi, soneterapi og solarium.
Desse verksemdene er godkjenningspliktige
Dersom verksemda tilbyr holtaking/piercing, tatovering eller andre tenester som inneber penetrering av hud eller slimhinner, skal lokala godkjennast før oppstart, ved større endringar av lokala, og ved eigarskifte. Nedlegging av verksemd skal meldast. Tatoverings- og holtakingsverksemd kan berre utøvast i godkjende lokale.
Godkjenningsplikta gjeld mellom anna for verksemder som driv med:
Holtaking/piercing (inkludert "øyrepistol"), microneedling, tatovering (inkludert permanent makeup, microblading), svimerking, arring m.m.